Blei det litt "kaldt og ukosleg" når du rydda ut jula? Kva med å friske opp veggane med ny farge? Vanskeleg for å bestemme deg sa du? Det er ingen enkel sak å finne sin eigen fargepallett som ein trivast med. Og det er klart at no som kvitfargene begynner å vike plass for dei mer fargemetta alternativa så har det sjølvsagt blitt endå meir komplisert! Derfor har vi samla nokre tips om korleis du går fram før du bestemmer deg :)

Foto cred: @villalille
Vårt beste tips er å ta utgangspunkt i dei største flatene i rommet, som for eksempel golvet ditt og evt kjøkkenfrontar. Dette er store flater, som har ein farge og nyanse som bør harmonere med veggfargen. Sjekk også om kvitfargen på dører, lister og vinduer er kald (klassisk kvit) eller varm (bomull/eggkvit). Dette legg nemleg føringar for fargepaletten din. Kanskje har du ein blå sofa, eller kunst på veggen som du er glad i? Test derfor veggfargen opp mot desse interiørelementa. Det handlar om at du skal finne ein farge som framhevar dei andre fargane i interiøret ditt, skape ei heilheit og få fargane til å stråle. Dersom du har ein farge i interiøret som du er veldig glad i, for eksempel eit bilde, så kan du trekke ut fargar frå det bildet. På den måten vil bildet samle interiøret, og det er eit supert utgangspunkt for å lage sin eigen fargepalett!

Ganske fasinerande å sjå korleis fargen på golvet påverkar fargepaletten. Ja, du må faktisk sjå godt etter for å oppdage at dette er identiske fargar satt opp mot to ulike golv! Foto cred Nordsjø
Kva rom skal du male? Skal du sove eller spise der? Jobbe, lære eller slappe av? Forskjellig fargar passar gjerne til forskjellige ting. Det er også slik at forskjellige fargar vekker ulike kjensler i oss. Blått og grønt for eksempel, stimulerar til ro og avslapning, og er gode fargar for eksempel på eit soverom.
Det er lett å bli påverka av både "årets farge", Instagram og kva farge naboen har. Men tenk heller over kva du sjølv faktisk likar.. Kva fargar gir deg den gode kjensla? Husk at fargeoppfatning og kjensler knytta til dei ulike fargane kan vere styrt av både kulturen og personlegheita di. Tenk derfor godt gjennom kva fargar som gir deg dei gode assosiasjonane og vekker gode kjensler i hjertet ditt! Den aller største trenden no er å velge ein farge som gjenspeilar personlegheita di, og det er jo det som er så fint! At det er så mange forskjellige fargar som er populære. Det vert også kjekkare å besøke kvarandre, når alle ikkje har det heilt likt, ikkje sant? :)
Husk for all del at fargar vert så veldig påverka av lys - både dagslys og type kunstig belysning. Igjen, så betyr det at dersom du har sett ein farge hos naboen din, eller på Instagram, så kan den sjå totalt forskjellig ut heime hos deg. Lysforhold og omgivelsar spelar stor rolle! Dermed anbefalar vi deg alltid å teste fargen i akkurat det rommet du skal male.. Då får du sett korleis fargen oppfører seg i rommet som du skal male, i ulikt lys og til ulike tider på døgnet.. :) Test alltid fargen på rett struktur, altså eit mest mogleg likt underlag som flata du planlegg å male. Ulike overflater, som flate plater, strukturtapetar, grovpussa mur, profilert treverk osv kan framstå forskjellig i samme farge. Dette er fordi strukturar skaper skyggevirkningar.

Colour test, 0,5 ltr (glansgrad 7)
Dagslyset endrar seg frå morgen til kveld, og veggfargen din likeeins. Husk også at den kunstige belysninga du har heime hos deg sannsynlegvis er ganske forskjellig frå den skarpe belysninga vi har i butikkane. Dermed vil fargane opplevast veldig forskjellig. Opplevelsen av fargestyrke vil også endre seg frå å sjå fargen på ei lita fargeprøve, til å sjå ein farge mala på ein stor vegg..
Sørg også for å vere bevisst på glansgrad. Med ulik glansgrad, fra heilmatt til heilblank, kan éin farge opplevast som fleire fargar fordi lyset vert reflektert ulikt på de forskjellige overflatene.
Mange legg fargeprøvene utover bordet for å sjå og samanligne, men det er ikkje særleg lurt, med mindre det er bordet du skal male. Lyset treff forskjellig frå ulike vinklar, derfor er det viktig at golvfargen må sjåast på golvet, veggfargen på veggen og takfargen i taket. Dette bør du vere bevisst på når du plasserar fargeprøvene.
Sjå ut av vindauget i det rommet du skal male. Er det sterke fargar utandørs? Kanskje har nabohuset ein stor raud vegg inntil, eller det står eit stor grønt tre utanfor? Sterke fargar utanfor vindauget ditt vil faktisk påvirke fargane dine inne, særleg dersom du har ein nøytral kvit vegg (som i dette tilfellet vil få raud- eller grønskjær) Tenk over himmelretninga. Eit nordvendt rom kan virke kjøleg, mens eit sørvendt rom gjerne har varmt lys. Mange ynskjer meir varme i eit nordvendt rom og går då for varme fargar, og motsatt til det sørvendte rommet.

Oppsummert:
- Kva type rom skal du male? Kva steming ynskjer du å oppnå?
- Kva farge likar DU? Kva fargar hentar fram godkjensla?
- Kva er i rommet i dag som du må ta hensyn til? For eksempel golv, møblar, kjøkkeninredning og anna interiør?
- Sjekk om fargen passar til dører, lister og vinduskarmar
- Korleis er lysforholda i rommet? Mykje/lite dagslys? Korleis tek fargen seg ut morgen, kveld og i den kunstige belysninga du har i rommet?
Vi må også tipse deg om den supre appen Nordsjø Visualizer - ein gratis app som let deg sjå fargen på veggen før du malar ;) Les meir om appen her.

Ta gjerne med bilder og planteikningar til butikken, så hjelper vi deg så godt vi kan med å diskutere kva farge som rett valg for nettopp deg ;)