Søk

Tid for å male panel!


Dersom du planlegg å male panel eller anna treverk inne (taklister, heiltredører osv) bør du gjer det i vinterhalvåret. Då er nemleg sjansen minst for at det sprekk opp seinare! Når luftfuktigheita inne er på sitt lavaste, trekk treverket seg saman. I sommarhalvåret er luftfuktigheita høgare, og treverket vil då ese ut. Med ein temperatur på 15-20 grader er det også lettare å jobbe med malinga, då den ikkje tørkar like raskt.

Slik malar du panel: # Vask panelen med Woca Trerens for ubehandla panel, og Nordsjø Forvask for tidligare malt panel. Skyll med reint vatn. # Små skadar, hakk eller hull sparklast med Nordsjø Professional Snickeri sparkel. Puss med sandpapir. # Påfør maskeringstape og dekk golvet med malarfilt # Grunn panelet med 1-2 strøk Nordsjø Kvist- og sperregrunn. PS: bruk Nordsjø Original Kvistlakk på blødande kvist og nytt ubehandla panel. # Påfør deretter maling med liten rull, for panel anbefalar vi Nordsjø Ambiance Superfinish. To strøk med tilstrekkeleg tørketid mellom. # Bruk gjerne forlengarskaft, då går jobben raskare. # Stryk ut med ein fordrivar som glattar ut rullestrukturen og gir deg ein perfekt finish.

Kom innom og hent med deg vårt fargekart for beis :)

Fargen Jøldal

Fargen Gjendebu

Fargen Geiteryggen

Farge Snøheim

PS: Husk at beisfargen vert påverka av underlaget i og med at dette er ei transparent behandling av treverket. Dersom underlaget er relativt nytt og lyst, vert fargen du legg på også prega av det lyse. Dersom underlaget er mørkt og gulna, vil naturlegvis også fargen bli mørkare.

#Maleinne

  • Facebook - White Circle
  • Instagram - White Circle

Kuling avd Fosnavåg

Myklebustvegen 71

6092 Fosnavåg

Tlf: 400 34 671
post@kuling.no