Det fine med vindusfolie er at den slepp inn lys og pyntar opp, samtidig som den hindrar sjenerande innsyn. Vi har stort utvalg, og flotte design som varierar i alt frå blomster, dråpar, ruter, frosta glas og striper. Mønsteret er prega inn i plasten, noko som gir eit flott fargespel og lysbrytning i folien.
Folien er sjølvklebande og festar seg elektrostatisk, altså utan bruk av lim! Dette gjer også at den er lett å fjerne, og kan brukast "om att og om att". Den er er også dermed superenkel å montere, pass berre på at overflate er fri for støv og smuss. Klipp/skjær folien til i rett størrelse, spray vinduet med vatn og drag av beskyttelsefilmen. Fest folien på vinduet, og bruk ein slettar til å presse vatnet frå midten, og ut mot kantane for å få vekk luftboblene. Easy peasy!
Velkomen innom Kuling Ulsteinvik for å sjå vårt utval i vindusfolie ;)
