Søk

Godt nytt og fargerikt år!


Godt nytt år, og takk for det gamle! Tusen takk til alle dokke fine som følgte oss i året som gikk, no er vi altså igong med 2018! Håper nettopp DU vil følge oss vidare! ⭐️️ På Instagram finn du oss som @kuling.no - og på facebook; https://www.facebook.com/kuling/

https://www.facebook.com/kulingfosnavaag

Vi har hatt mange spennande prosjekt i 2017 - Havlandet i fargar, Høddvollbarnehagen, og til stadigheit dukkar det opp morsomme før-etter-prosjekt som eksempelvis Hareid ungdomsskule som vi viste dokke før- og etter bilder av i romjula. Det er fantastisk å vere til inspirasjon for andre! Og meir kjem, veldig snart - vi har mange prosjekter på blokka ;)

No er det er ikkje tvil i at minimalismen er på vei ut, og at fargar, kos og varme er på vei inn! Endeleg, etter nærmare tjue fargelause år! Mange har tatt imot dei støvete, skitne pastellane og de djupe blå- og grøntonene og latt dei få skine heime. No følgjer stadig fleire etter! Folk besøker kvarandre, og kjenner på kor fint det er å opphalde seg i rom som ikkje er kvite. Rommet endrar karakter. Det kjennest rett og slett annleis å opphalde seg i rom har farge. Ja, fargar gjer rett og slett noko med oss. Sjå for eksempel bilder frå kundar som har mala med Havlandet-fargane her.. - fargekolleksjonen som har blitt ein stor hit blant mange!

Fargar i vinden og Havlandet i fargar (tjue av dei "første" fargane)

Kundar i butikkane spør oss ofte om kva fargar er det som er trendy . Og det er nettopp det som er fint, at no er det mest trendy å velge den fargen som gjenspeglar deg og di personlegheit! Nokon likar sterke fargar, andre meir nøytrale. Vi er alle ulike, så du må finne den fargen som gir godkjensla! Ein rekke kommersielle aktørar har kåra Årets farge 2018, og klart vi vert påverka.. men årets farge varierer frå lilla, brunt, djup raud, gul, blå og grårosa - spekteret frå "ekspertane" er så breidt, og det seier mykje om mangfaldet. Følg magefølelsen din, og tenk på at det er du som skal trivast heime hos deg sjølv. Vi lever i ei hektisk tid, og no handlar det om at når vi kjem heim skal vi senke skuldrane, og stenge mas og stress ute. Omgivelsane påverkar oss, og

kvardagskosen er viktig! Stadig fleire bevegar seg frå lyst til mørkt, og kombinerar både fargar, mønster og materiale på nye måtar - nettoppfor å vise personlegheit og identitet.

Årets farge frå Nordsjø - Heart Wood...

Mange synest det er utfordrande å ta fargane tilbake igjen. Korleis i all verden lagar man ein fargepalett? Det følest kanskje komplisert fordi det er nesten 20 år sidan sist vi brukte farge, og mange tilhøyrer en generasjon som ikkje har opplevd anna enn det kvite-grå interiøret. Vi i Kuling hjelper deg gjerne! Vi tilbyr heimebesøk, eller du kan stikke innom ein av butikkane våre for veiledning - ta gjerne med bilder og/eller husteikningar!

Vi ynskjer det fargerike interiøret i 2018 velkomen! Klapp på skuldra til alle som ynskjer ei forandring heime!

Eit lite tips på tampen; kalde fargar har ei beroligande effekt, mens varme fargar gi energi. Grått vert depressivt over tid, mens kvitt kan framkalle migrene og haudeverk. Brunt roar derimot pulsen og hjerterytma. Husk også at nå du skal male veggane så er det enklare å lykkast med støvete fargar (med enten meir svar eller kvitt i, enn knallfargar) :)

Happy 2018 - bring it on! :)


  • Facebook - White Circle
  • Instagram - White Circle

Kuling avd Fosnavåg

Myklebustvegen 71

6092 Fosnavåg

Tlf: 400 34 671
post@kuling.no