top of page

Hareid ungdomsskule blei inspirert av prosjekt Høddvollbarnehagen - sjå resultatet!


Fantastisk oppussingsprosjekt på Hareid ungdomsskule! Vi blei så glade over at skulen tok kontakt med oss denne hausten, inspirert av prosjekt Høddvollbarnehagen! Det varmar oss langt inni hjerterota av vi kan vere til inspirasjon for andre, og at stadig fleire ser effekta av å omgi seg med fargar. Det var biblioteket på skulen som skulle pussast opp, og i oktober stilte kuling Therese Victoria Jøsok opp for å inspisere lokala. Skulen var tydeleg på at dei ynskte å bruke fargar, men dei trengte hjelp til å velge fargetonar og kombinasjonar. Og sjå før-og-etter bilda! Tenk kva som er mogleg å få til ved hjelp av maling og teppeflis! Resultatet er FANTASTISK!

Biblioteket på skulen har gått frå å vere kvitt og fargelaust, til nydelege grøn, oransje og bruntonar. Legg merke til effekta som teppeflisene gjer for rommet, både det visuelle og i tillegg akustikken og varmen. Fargane som er brukt er Vågane (lysaste grøn) frå Havlandet i fargar og Stiv kuling (mørkare grøn) frå Fargar i vinden. Teppeflis er frå Tarkett. Gratulerer til Hareid ungdomsskule og Snikkar Asle Mork AS med eit fantastisk prosjekt! :)

Ja, dette er eit og same rom!

#Maleinne #Hareidungdomsskule

bottom of page