top of page

Velkomen fargen Gåsneset!


Forrige veke fekk du helse på fargen Myrane, som @villalille har fornya kjøkkenveggen sin med. Denne veka introduserar vi ytterlegare ein ny Havlandet-farge, nemleg vakre Gåsneset!

Dette er nok ein nydeleg varm bruntone, sjå dei flotte bilda nedanfor frå ei av visnings-leiligheitene på Fosnavåg Terrasse. Og gjett kva..? Leiligheita blei SOLGT før vi ein gong rakk å "framkalle" desse bilda, haha! Nedanfor ser du bilder av leiligheita, både før og etter. Fargar gjer noko med oss, eller? (Pst: fargeprøver av Gåsneset finn du hos Kuling!)

Dette er stova som har fått den nydelege, behagelege fargen Gåsneset. Bruntonar er definitivt på frammarsj, og skapar ei utruleg fin og varm atmosfære ;) Styling er gjort av flinke Julianne på frå Møbelringen Ulsteinvik.

Og slik såg denne leiligheita før vi satte inn støtet med malarkosten. Får du også lyst til å male heime, eller? :)

Gåsneset til venstre, og Eika til høgre. Nydelege dempa tonar som spelar fint på lag.

#Havlandetifargar

bottom of page