top of page

Borna er rolegare...


Høddvollbarnehagen 10. september 2017. Ei historie om engasjement og trua på at fargar gjer noko med oss. Trua på at born treng fargar som gir ei lun og trygg atmosfære. At gode fargar skapar ro og trivsel. Sjå forvandlinga som skjedde i barnehagen i løpet av ein dag. Maling og tapet som skapar magi. Sjå reaksjonane til born og vaksne dagen etter. Og høyr kva pedagogane kan fortelje åtte veker seinare. Tenk at vi har klart å skape rom som stimulerar til ro, mindre støy og god atmosfære! Tenk så fint å kunne sette dette viktige temaet på dagsorden. Fargebruk på skular, barnehagar, sjukeheimar og generelt dei offentlege instutisjonane. Alle desse viktige romma våre, som mest av alt burde formidle ei kjensla av tryggheit og omsorg. Fargar gjer noko med oss.

Det er måndag morgen, 11 september. Ikkje så altfor mange timar sidan vi stengte porten i Høddvollbarnehagen kvelden før. Fulle av adrenalin og lite søvn. Spent på alle reaksjonar. Med på slep, er vår eminente filmskapar, Stian Stenersen. Vi riggar oss til i vinduskarmen, og alle tindrande auge vert dokumentert på film for evig og alltid. Den største gleda ein kan ha, det er å gjere andre glad!

Åtte veker seinare er vi på plass igjen. Saman med styrar, Kathrin Rise, og pedagogane Åshild Mork, Karen Inger Kvamme, Caroline Torgersen og Janne Kleven. Vi skal snakke om korleis dei nye romma har påverka kvardagen i Høddvollbarnehagen. For både borna og dei som jobbar der.

Delar av barnehagen har fortsatt kvite rom, og Karen Inger som er pedagogisk leiar på minsteavdelinga, kan fortelje at dei klør i fingrane etter å kome i gong med å male resten av barnehagen: - No som vi har fått det så fint her inne, så kjennes det ubehaglig å vere i dei kvite romma. Det har vore mange reaksjoner på nettopp det, vi trekker mot dei romma som er fargesatt, fortel Karen Inger. Ho opplever også at borna på minsteavdelinga finn roa på rommet som er mala med fargen Flåvær på ein heilt annan måte enn tidlegare:

- Vi treng ikkje nødvendigvis å ha fysiske leiker for å finne noko å gjer på, og dei samlar seg mykje meir enn kva dei gjorde før. Dessutan er det eit mykje lågare lydnivå, og ei heilt anna ro, seier Karen Inger. - Vi merkar godt at dei trivast godt med å vere her, og at dei ikkje spring ut og inn av rommet som dei ofte gjorde tidlegare.

Kreativ leiar i prosjektet hos Kuling er Cecilie Jevanord, og ho forklarar at dette handlar om at augene våre treng noko å kvile på. Skape kontrastar, bruke rolege, gode fargar som skapar ro og harmoni:

-Å vere i eit rom der det omtrent kun er kvitt, det skapar rastlausheit og urolegheit. Det kan vere fint å kjenne på dette sjølv, seier Cecilie.

Åshild Mork, som er pedagog på avdelinga over, fortel at det er mykje lettare å få i gong leik på desse romma enn det var før, og det er enklare å halde ungane der lenger. - Det gir meir leik og inspirasjon, seier Åshild.

Janne Kleven støttar opp om det som Åshild fortel: - Vi søker meir mot dei romma som er fargesatt en det vi gjorde før. Små, lune rom med gode fargar, og for oss som er opptatt av språk og den gode samtalen, så er det mykje meir rom for det no. Stemininga er rolegare, og vi klarer dermed å fange opp meir, seier Janne.

- Vi føler oss veldig heldige, seier Kathrin.

Takknemlegheita er stor. Og gleda er veldig gjensidig. Dette er meiningsfullt arbeid, og eit viktig tema og få på dagsorden. Fargar gjer noko med oss. -Det er jo slik at ein skapar seg masse forventningar, men eg hadde ingen anelse om at det skulle bli så fint og så levande, avsluttar Caroline Torgersen.

Bilder nedanfor frå måndagen då born og vaksne fekk sjå resultatet av prosjekt Høddvollbarnehagen :)

#Høddvollbarnehagen

bottom of page