top of page

Velkomen fargen Myrane!


I dag har vi gleda av å presentere farge nummer #22 i Havlandet-kolleksjonen .- nemleg den nydelege bruntonen Myrane. I vår lanserte vi fargekolleksjonen Havlandet i fargar med lanseringsfest i begge butikkane, i dag har vi gjort ein annan vri.. Vi har nemleg vore hos @villalille og mala kjøkkenveggen hennar med den nye aldeles nydelege Myrane. Har du sett noko so lekkert!? Laila har verkeleg sans for fargar og interiør, vi blir så inspirert av å vere i den fantastiske heimen hennar på Nautøya. Sjå storyen vår på Instagram i dag - @kuling.no.

Brunt er utvilsomt ein fargetone vi vil sjå meir av i tida som kjem. Bruntonane er er "venlege" og vil mjuke opp eit inntrykk. Ikkje minst så er dei lette å kombinere med andre fargar. Brunt verkar beroligande på oss (assosiasjonar til naturen...) og markerar på mange måtar bruddet med den ellers monotone bruken av svart, grått, kvitt, glass og stål. No higar vi etter tre og dei naturlege materiale, og fargane som vi kjenner frå naturen!

Myrane er nydeleg å kombinere til ei rekke av dei andre Havlandet-fargane. Oppstrøksprøver er å finne i våre butikkar i Fosnavåg og Ulsteinvik ;)

Bildedryss frå dagen nedanfor :)

Resultatet! Herremiiin så lekkert!

Ambiance Xtramatt - ei nydeleg heilmatt maling som gir eit sofistikert og dybdeaktig uttrykk på veggen..

Veggen var frå før mala med fargen Nautøya

Neste veke skal vi lansere ytterlegare tre nye Havlandet-fargar. Følg med! :)

#Havlandetifargar

bottom of page