top of page

Frå kvitt til glade fargar!


"Farvel Ulsteinvik, hello Larsnes" var headinga på Siv Helen Johnson Tødenes sitt innlegg på bloggen sin 31. mars 2017. Siv Helen hadde kjøpt seg si aller første leiligheit der det meste var standard kvitt, og denne driftige dama klødde i fingrane etter å starte sitt store oppussingsprosjekt - ho hadde lyst til å omgi seg med fargar! Siv Helen tok då kontakt med Kuling, og fekk Cecilie Jevanord på heimebesøk like etter. -Eg huskar at folk rundt meg stort sett fråråda meg frå å male med "fargefargar", og hvertfall mørke fargar. Dei trudde det hadde rabla for meg når eg snakka om å male taket, og råda meg til å behalde det "lyst og triveleg", seier Siv Helen Det var heilt til Cecilie frå Kuling kom på besøk. Endeleg var det nokon som hadde tru på dei sprøe ideane til Siv Helen, det handla berre om å få satt det i system. Saman blei dei einige om fargepaletten i heile leiligheita, og innan kort tid var Siv Helen i gong med både boremaskin og malarkost.

Siv Helen lever etter Pippi Langstrømpe sitt motto - "Det har eg aldri gjort før, så det skal eg alltids klare". Og dei siste månadane har vi kosa oss med å følgje henne på Snapchat, Instagram og bloggen for massevis av tips, triks, DIY og ei god dose humor innimellom. Milde himmel kor imponert vi er over deg, Siv Helen! Du er ei fantastisk inspirerande jente som følgjer hjertet ditt og går for løysingar som du sjølv likar - og resultatet har blitt fantastisk. Å stige inn i den varme gangen din i forrige veke var ein heilt utruleg spesiell opplevelse. For ei atmosfære! For ein varme! Dette er eit godt døme på at fargar gjer noko med oss, og som Siv Helen også seier: eg vert gladare av å omgir meg med fargar! Bilda under talar for seg..Det heitast at det ikkje er så lett å skape atmosfære i eit kvitt interiør.. det er mykje rett i det..

Å stige inn i denne entréen her.. For ein velkomst! Nydeleg steming! Veggfargen her er Taktil frå Nordsjø. Taket er også mala med ein justert farge, litt lysare enn Taktil. We love it!

I stova har Siv Helen valgt fargen den nydelege djupe blågrønne tonen Mystical Paris frå Nordsjø. Igjen, nydeleg atmosfære. Og har du tenkt over at ein grå sofa kjem verkeleg til sin rett ilag med ein annan farge enn kvitt på veggen?

Ja, tru det eller ei, men dette er faktisk eit og samme soverom! Tenk så heldig Theodine (snart 2 år) er som har eit så nydeleg og inspirerande rom der ho finn både ro til å leike og sove. Fargane som er brukt her er Muletua, Flø og Nautøya frå fargekolleksjonen Havlandet i fargar, saman med magnetmaling og Nordsjø-fargen Shiny Lemans. Teppeflis frå Tarkett. Dette seier Siv Helen om rommet til Theodine:

"Jeg ville prøve å lage et rom som oppfordret til lek, moro, fantasi og glede! Samtidig var det viktig å få laget er rom det hun også kan sove i. Det ble kjøpt litt nytt til barnerommet, mye kjøpt brukt, mye er arvet, en del er fra meg når jeg var liten. Så det er satt sammen med de tingene jeg liker best, og jeg ser Theodine kan like! Det trenger ikke å bli så dyrt, dersom man bare tenker utefor boksen!

Siden rommet er så lite så bestemte jeg meg fort for at hele rommet burde ha en grunnfarge. Både tak, vegger og lister. Valget falt til slutt på Shiny Lemans. En utrolig behagelig farge. Den funket veldig bra som bakgrunn til de andre fargene som skulle bli til byen på rommet.

Jeg valgte å ha teppeflis på gulvet til Theodine av den enkle grunn at det er helt fantastisk! Behagelig, varmt og godt for små barneføtter. Ingen flere kalde barnerumper av å sitte på gulvet. Ja rett og slett en super investering som jeg anbefaler alle å vurdere! Det har og reddet min klatremus fra både en, to og tre blåkuler! Det er viktig å la barn få utfolde seg, og da er det ganske godt at det er litt mykt å lande på gulvet når uhellet først er ute!"

Og hald deg godt fast ein gong til, for her kjem endå ei ekstremforvandling i leiligheita på Larsnes, nemleg soverommet til Siv Helen. Det er nesten ikkje til å tru at dette er det samme rommet. Og når vi ser resultatet så tenkjer vi at det må vere omtrent umogleg å ikkje få lyst til å male når ein ser dette! Heilt fantastisk. Ei mørk hule som ein kan krype inni om kvelden. Og Siv Helen er klar i si tale, ho opplever ein heilt annan søvnkvalitet etter at ho mala soverommet. Både veggar og tak har fargen Full Storm frå fargekolleksjonen Fargar i vinden.

Vi anbefalar deg å følgje Siv Helen på Snapchat som NELEHVIS, Instagram @theodineogjeg og bloggen: http://theodineogjeg.blogg.no

PS: mange av skeptikarane til Siv Helen er no også igong med sine maleprosjekt :)

#Oppussing

bottom of page