top of page

På jakt etter eit lunt og slitesterkt golv?


Fordelane med laminatgolv er at det er raskt å legge, held seg godt i mange år og er enkelt å vedlikehalde og vaske. Men, der er eit men.. Laminatgolv er også veldig harde, nettopp for å gjer dei slitesterke og ha lang levetid. Og når laminatgolv er harde, så har dei også ei utfordring med støy.

Dette har golvprodusenten Gerflor gjort noko med! Nemleg kombinert laminaten sine fordelar med eit toppsjikt av støydempande vinyl. Resultatet er vinyl-laminaten Top Silence, der golvets kjerne er eit vanleg HDF-laminat og overflata er tradisjonelt vinylbelegg med tekstil bakside. Definitivt vår bestselgar innan kategorien golv!

Vinylen sine naturlege lyddempande eigenskap gir minimalt med støy i rommet. Faktisk 50% mindre støy samanlikna med tradisjonell laminat. Golvet finst i 8 forskjellige design frå lyst til mørkt, som alle er naturtru og elegante. Overflata er strukturert og med fasa kant.

Nedanfor følgjer ei rekke miljøbilde av dei ulike designa som du kan velge mellom. Velkomen til Kuling for å sjå og føle på golvprøvene! :)

Largo Clear

Largo Medium

Largo Grey

Largo Clear Living

Legend White

Legend Pecan

Video og alle foto cred Gerflor.

Oppsummert om Top Silence vinyl-laminat:

  • Ein innovasjon som kombinerer laminat med mjuk vinyl overflate

  • Vinylens naturlege lyddempande eigenskap gir minimalt med støy i rommet

  • Lett å legge - med det populære 5G klikksystemet

  • Særs naturtru

  • Fasa kant

  • HDF laminatkjerne

  • Total tjukkelse: 9,5 mm

  • Slitesjikt tjukkelse: 0,35mm

  • Trinnlydsreduksjon: 18 dB

#Golv

bottom of page