I dagens Vestlandsnytt kan vi lese og sjå bilder frå den flotte heimen til Laila Lillerovde på Nautøya i Herøy. Visste du at denne dama har nærmare 120 000 følgjarar på sin Instagram-profil @villalille?

Vi er ikkje så reint lite stolte av å få samarbeide med med denne dyktige dama som faktisk har ein av norges største instagramkontoar innan interiør. Fekk du forresten med deg kva som skjedde då Laila mala kjøkkenveggen sin i fargen Nautøya i april? Les Stor interesse for kjøkkenfarge på ifi.no


Den nydelege fargen Nautøya frå Havlandet i fargar
I fjor haust tok vi kontakt med Laila, og dette blei starten på eit fantastisk givande og spennande samarbeid - nemleg vårt eige lokalt fargekart, Havlandet i fargar. Fargekartet inneheld tjue unike fargar som har fått namn etter vakre naturperler på søre Sunnmøre som gir oss dei gode assosiasjonane. Flø. Mulevika. Blåtinden. Skorpa. Rundebranden. Flåvær. Og mange fleire.. Som Laila seier: "Tenk å få gjenskape dei gode kjenslene naturperlene gir oss i ein eigen farge! Magisk!"

Omtale i Fargemagasinet
Les ifi.no sin omtale - Hent farger fra naturen.
Vi opplever stor etterspørsel etter fargane, faktisk frå heile landet, og konseptet har allereide blitt adoptert hos ein rekke butikkar rundt omkring - eksempelvis Sørlandet i farger i Arendal og Ringerike i farger på Hønefoss. I sommar blei også farge nummer tjueen i Havlandet-kolleksjonen lansert. Nemleg blåfargen Barmen, som har blitt ein storsuksses allereide, og som Laila har mala soverommet sitt med. Og for den som følgjer oss på Instagram og story, så ryktast det om at ein utvida kolleksjon er like rundt hjørnet. Stay tuned! Og følg @villalille og @kuling.no på Instagram ;)
Nedanfor har vi samla nokre bilder av den fantastiske heimen til Laila. Her er utvilsomt mykje inspirasjon å hente for deg er opptatt av interiør og fargar. Laila har verkeleg lykkast med å skape sin personlege stil! Vi er kjempestolt og takknemlege over å få samarbeide med deg, Laila! :)

Soverom med fargen Barmen på veggen. Legg merke til den harmoniske fargepaetten med blåtonar, komplementærfargen i putene, det grøne i planta og dei lekre lampane. Fantastisk!








Anbefalar deg på det aller sterkaste å finne @villalille på Instagram!
Pst: Det har kvitra ein fugl om at ho skal male kjøkkenveggen sin igjen ;)