top of page

Matt eller blank maling?


Du har endeleg bestemt deg for farge på veggen, så dukkar spørsmålet om kva malingstype og glansgrad du ynskjer.. Matt, silkematt, halvblank, blank eller heilmatt maling? Forvirra, sa du? Eller kanskje valgte du heilmatt, og opplevde at flekkar og berøringar på veggen er umogleg å få fjerna? Her skal vi prøve å veilede deg i kva du må vurdere, både i forhold til det estetiske og det praktiske :)

Foto cred Nordsjø

All maling har ein gitt glans på ein skala frå 0 - 100, der lave tal er matte malingar, mens høge tal er blanke. Glansgrad-skalaen ser slik ut: 0-5 = Heilmatt

6-10= Matt

11-30 Halvmatt

31-60 Halvblank

61-90 Blank

90-100 Heliblank

Eller den forenkla versjonen som er Matt (0-10), Silkematt (10-30), Halvblank (30-60) og Blank (60-100)

Vel, kva glans passar egentlig kvar?

Dette kjem sjølvsagt an på smak og behag, men nokre gode råd kan vi likevel kome med.

MATT MALING (0-10) - brukar vi ofte i tak; gipstak og på forskjellige takplater. Det er også veldig "i tida" med matt maling på veggflater som spon, gipsvegg og fiberduk. Men husk at matt maling passar best på stadar med lite berøring, som stue eller soverom. Matt maling er «skjør», veggen får lett riper og er ikkje vaskbar. Vi oppmodar deg foreksempel ikkje å bruke matt maling på kjøkkenet, gangen eller på barneerommet! Den gode nyheita til deg er at vi har veggmalinga Nordsjø Easy2Clean (glansgrad 10) som gir deg ei matt overflate som samtidig er vaskbar. Vår bestselgar! Ein matt vegg framstår som dempa og roleg. Dersom du har ein matt vegg i stua kan den virke litt «fjern» og rommet får dybde. Eksklusiv fibertapet er ofte matt, og tapetindustrien meiner det er dette malingsindustrien forsøker å "etterligne" med matt maling.

SILKEMATT MALING (10-30) -brukar vi på vegg, fiberduk, panel og lister. Ferdigmalte lister som vi kjøper på byggvarehus er ca glansgrad 15. Når vi skal male opp lister i huset vårt, velger vi ofte meir glans, ofte 40. Det friskar opp, gir ny glød og gir ein god kontrast til det matte. Bruk alltid vannbasert maling på lister, då slepp du at den vert «gul» over tid. Silkematt maling passar best i stua, kjøkkenet eller på soverom.

HALVBLANK MALING (30-60) brukar vi stort sett på panel, lister, dører, vinduskarmar og golv. Dette er overflater som er mykje utsatt for slitasje og ureinheiter, dermed er det viktig at desse overflatene skal vere lette å vaske og halde reine. Å male med halvblank maling krever meir forarbeid for å lykkast med eit flott resultat. For eksempel ein blank vegg i det rette lyset vil avsløre alle ujevnheiter. Ein blank vegg kjem mot deg, ein matt vegg er meir "fjern".

BLANK MALING (60-100) vert brukt på lister, golv og møblar. Eit møbel mala med blank maling saman med ein heilmatt vegg gir ein flott kontrast, gjerne i samme farge! Samme med eit heilblankt paneltak, det kan skape ein spennande kontrast i interiøret. Denne malinga er slitesterk og tåler ein god vask. Gamle tregolv med blank maling er også nydeleg. Vakre flater fortjener høy glans. Her kreves det tålmodigheit for at du skal få eit eksklusivt og flott resultat!

Vi har oppstrøksprøver i butikken slik at du kan sjå og føle skilnaden på dei ulike glansgradene..

Kort oppsummert kan ein sei at matt maling demper og skjuler ujevnheiter, mens høg glansgrad framhevar. Du kan lett endre romfølelsen med å variere med glans. Her er det berre fantasien som set grenser! Matte flater sluker lys, og kan oppfattast som dusare. Høg glans reflekterar lys, og vert meir intens. Det er lettare å lykkast med ei matt maling, men husk at den type maling er meir skjør i forhold til vaskbarheit. Du må gjer skikkeleg forarbeid om du skal få flott resultat med høg glans. Det er også spennande å variere glans med anna materiell, som for eksempel flisene på badet eller møbelstoff, tapet og gardiner. Tommelfingerregelen er å bruke høgare glansgrad på panel, list og dør, mattare maling på veggane og mattast i taket :)

Her ser du eit godt døme på korleis fargen endrar seg med ulik glansgrad. Det er samme fargen, altså Skorpa, som er mala opp på denne plata - men som du ser så vert oppfatninga av fargen ulik mellom det matte og "trekanten" som er mala med høgare glans..

Vi må igjen nevne Easy2Clean dersom du ynskjer ei matt veggmaling, som er vaskbar. Cecilie Jevanord hos oss delar si erfaring:

"Ukens anbefaling fra meg blir uten tvil Easy2Clean! Det er som navnet tilsier en maling som tåler vask, uten å være blank. Med glansgrad 10 er den relativt matt, noe som er behagelig for øyet og fargeopplevelsen. Har nylig brukt denne selv og anbefaler altså denne på det varmeste! Hilsen Cecilie"

Les Vegger til å leve med frå www.ifi.no

Vi gjer deg også oppmerksom på glansgrad kan variere frå produsent til produsent, og mellom oljebasert og vannbasert maling. Oljebasert er som oftast blankare.

#Maleinne

bottom of page