top of page

Tips når du skal male veggen inne


Alle kan male, og maling er magi! Her deler vi våre beste tips når du skal male ein vegg innandørs, husk at forberedelsane er utgjer faktisk totalt ca 80% av heile jobben! Å endre veggfargen er eit effektfullt og stemningsskapande grep som vil endre heile atmosfæra i rommet :)

Fargen Liten Storm frå Fargar i vinden

1) Rydding og klargjering

Start med å ryddet rommet, då vert sjølve jobben straks meir effektiv og du unngår uhell. Flytt møblane godt vekk frå veggen, og dekk dei til med plast. Det er fint å ha godt med armslag for å handtere for eksempel forlengarskaft.

Golvet må dekkast godt til, vi anbefalar dekkfilt/malarfilt som vist på bildet ovanfor. Dette ligg godt og støtt på golvet sidan baksida er plastbelagt, og det hindrar gjennomtrenging av søl og maling. Ei god investering for golvet ditt! Kan brukast både inne og ute, og fleire gongar.

Sørg for å ha godt arbeidslys. Det kan vere lurt å plassere ein arbeidslampe slik at den lyser langs med veggen, godt lys avslørar raskt ujevnheiter. 2) Vask

Start med å vaske veggen med Nordsjø Forvask eller sprayen Decomax Målevask. Forvask skal blandast ut i varmt vatn (blandingsforhold er 1 del forvask og 20 delar vatn for lettare reingjering), deretter vaskar du veggen med klut eller svamp. Sprayen skal ganske enkelt sprayast på. Skyll og tørk godt over med reint vatn og mikrofiberklut.

3) Evt. sparkling og grunning

Etter at veggen har tørka går du over og sjekkar underlaget. Dersom det er spikerhol, hakk eller riper i overflata så fiksar du desse enkelt med litt pussepapir, sparkelspade og Nordsjø Sparkel. Vi har sparkel til dei fleste overflater som gips, tre/listverk, sponplater etc. Når sparkelen har tørka, alt etter størrelse på hull, ca 2-4 timar, slipar du over med pussepapir for å få ei glatt og fin overflate.

Dei områda på veggen som er sparkla må grunnast før du sett i gong med malingsarbeidet. I mange tilfeller kan det då vere like greit å grunne heile veggen med Nordsjø Grund+ (tørketid ca 2 timar)

4) Maskering

Overflater som ikkje skal malast beskyttast no med maskeringstape. Husk at det finst både forskjellige kvalitetar og breidder å velge mellom.

5) Endeleg! Maling!

Då er vi omsider klare for sjølve malinsjobben. Det er ei forutstning at du har skaffa det du treng av utstyr og maling. Husk forresten å velge rett maling, det er ulike typar for tak, vegg, golv, møblar, dører og lister, våtrom etc. Men dette hjelper vi deg med i butikken! Ellers treng du følgjande: - Ein liten skråpensel (enklare å kome til i hjørner, krikar og krokar)

-.Rull, skaft og malarkar/rullebøtte

- Forlengarskaft (gjer arbeidet langt meir effektivt, du slepp å bøye og strekke deg, belastninga på kroppen minkar)

- Gardintrapp

- Malardress, eingongshanskar/malarhanskar

- Smarte våtserviettar til å reingjere hender og verktøy - Bomullsfille

  • Start med penselen, og mal rundt dør-/vindus- og taklister, altså alle hjørner og kantar. Når du har fått malt rundt alle kantar, komt til enden av vegg/rom, skal malinga ha tørka nok til at du kan byrje med rulle der du originalt begynte med kanting.

  • Da er det fram med malarrullen og forlengarskaft. Husk å ha godt med maling på rullen. Den skal mettast godt med maling, og dyppast ofte. Ein feil mange gjer er at ein pressar rullen mot veggen når det begynner å bli lite maling igjen, det bør du ikkje gjer! Bruk samme trykk heile tida for å unngå skjolder. (Malarkar/malerbøtte er eit must for å få fordelt malinga jevnt utover rullen)

  • Rull malinga på veggen, ovanfrå og loddrett mot golvet. Mal alltid "vått-i-vått", det vil sei alltid rulle litt over forrige "bane" før malinga har hatt tid til å tørke. Eit smart triks er å male ein stor W med rullen på veggen, rull deretter tilbake innimellom W 'en mot der du starta, det blir då jamnt med maling på veggen. Størrelser på dette W-mønster spørs på teknikk og mengde maling i rullen. Gjer deg alltid ferdig med heile veggen før du tek kaffepause ;)

  • Du må regne med å påføre minst 2 strøk. Strøk nummer to påførast etter anbefalt tørketid. Det står på spanna kor lang tid malinga treng for å bli overmalbar. Rullar og penslar kan du surre godt inn i ein plastpose til du er klar med andre strøk. Husk at det aller meste av malinga i dag er vanntynnbar, dermed held det å vaske utstyret i varmt vatn. Husk at tørketid og herdetid ikkje er det samme. Maling treng som regel rundt 4 veker før den er herda, det vil sei at du for eksempel ikkje skal vaske veggen før den tid. (Særleg viktig ved maling av golv, møblar etc som vert utsett for heilt annan slitasje...)

Den svenske bloggaren "Krickelin" viser deg steg-for-steg kor enkelt det er å male ein vegg. Fargen er Denim Drift, årets farge 2017.

Huskelista di:

Lykke til med ditt malingsprosjekt, og velkomen innom oss for råd og tips, og det du treng til malarjobben!

#Maleinne

bottom of page