top of page

Heimebesøk hos @theodineogjeg


Siv Helen Johnson Tødenes (@theodineogjeg) flytta til Larsnes våren 2017, og hadde kjøpt ei kvit-kvit leiligheit med heller lite atmosfære og særpreg. Ho ynskte fargar, men synest det var vanskeleg å velge. Ho hadde fått med seg at Kuling tilbyr heimebesøk og fargeveiledning og tok kontakt med oss.

Vi kom på besøk, såg med ein gong at potensialet var gedigent! Og det som er så supergøy med denne dama det er at ho tørr! Ho tørr å bruke fargar - på veggane, golvet og til og med i taket!

Og her er ein liten sneak peek av resultatet. Blant anna eit kvitt barnerom har blitt til eit herleg, kreativt jenterom for heldige Theodine. Om kort tid vil vi presentere totalforvandlinga til Siv Helen med før- og etter bilder, og alle fargevala. Det morsommaste av alt, Siv Helen seier ho vert gladare av å omgi seg med fargar! Ja, for fargar gjer noko med oss - ikkje sant?

Nokre av fargane Siv Helen har valgt på barnerommet...

Følg gjerne Siv Helen på bloggen hennar: http://theodineogjeg.blogg.no/

#Heimebesøk #Fargeveiledning #Havlandetifargar

bottom of page