top of page

Bli inspirert av den mørke trenden og Olivia Angeline


Her får du eit godt eksempel på ei dyktig dame som har lykkast med den mørke trenden, og klart å skape ei fantastisk lun og stemningsfull atmosfære. Instagramkontoen til @olivia_angeline_f har blitt ein stor hit, og vi let oss hvertfall begeistre over korleis ho har lykkast i å innrede med mørke fargar. Legg også merke til korleis dei mørke fargane framhevar interiøret! Både kunst, møblar osv kjem så utruleg fint fram ilag med dei mørke veggflatene. Ho viser også at mørkt ikkje berre er fargen svart.. djupe grøntonar og blåtonar for eksempel.. Desse er "mjukare" enn svart, og dermed enklare å jobbe med. Under bilda ser du fargenamnet på fargane som Olivia har brukt. Følg gjerne også denne flinke dama på bloggen hennar - http://m.oliviaangeline.blogg.no/ og altså Instgram @olivia_angeline_f

Grønfargen heiter "Olivias green", sjå så lekkert ilag med kunsten på veggen!

Olivias Green og Mystical Calais på veggane, og mellomgrå epoxymaling på golvet.

Misty Cannes (den duse, gamalrosa) og Mystical Calais.

Fargen Misty Cannes frå Nordsjø er nydeleg :)

Bak senga og taket er mala med fargenFargen Deep Blue Sea (T0.10.30)

Høgre og venstre vegg, og vinduskarmen, er mala med Heaven (S0.06.21)

Ja, for kven har sagt at taket må vere kvitt? Særleg på soverommet er dette ein stor trend no, og gir verkeleg ei beroligande kjensle når du skal sove. Husk at det er viktig å tenke på belysning ved val av mørke fargar. Både naturleg lys og kunsting belysning, rett lyssetting er alfa omega og gir ei lun stemning.

Avslutningsvis ynskjer vi også å nevne at mørke fargar til veggflater bør malast med matt maling. Ein mørk, blank veg kan fort følest litt "plastikkaktig"..

Kom innom oss på Kuling, så veiledar vi deg i fargar, type maling og glansgrad :)

#Trendfargar #Oppussing

bottom of page