top of page

Korleis få til ein sylskarp kant?


Har du opplevd at malinga renn inn under tapen slik at linja har blitt ujevn og skrukkete? Irriterande, sa du? Ikkje fortvil, vi har eit profftips å dele ;)

For å få til sylskarpe overgongar mellom to forskjellige fargar er regel nummer en å anskaffe ein god kvalitetstape. Billigvarianten kan fort bli ei kostbar affære..

Når du har festa maskeringstapen med jevn og stø hand, er trikset å male over tapekanten med grunnfargen. For eksempel når du har listfritt, kvitt tak og du skal male veggen mørk..så malar du over tapekanten med kvitfargen. På den måten forseglar du tapen, slik at neste farge (som er den faktiske fargen du skal ha på veggen) ikkje klarer å snike seg under. Då slepp du at malinga renn inn under tapen... Taaadaaa, sylskarp og fin kant! :) Husk forresten å fjerne maskeringstapen så snart du er ferdig med sistestrøket, altså før malinga har tørka!

Lykke til med ditt malingprosjekt!

PS: Stikk innom oss dersom du treng meir veiledning i malingsarbeidet, husk det finst ikkje dumme spørsmål! :) Pst: Fargen på veggen her er Skorpa frå Havlandet i fargar :)

#Maleinne

bottom of page