top of page

Gammalt vert som nytt med Carat spraylakk!


Warning, du kan bli hekta! Spraylakk er så enkelt og så moro, og gjort i ein fei! Det er faktisk ikkje nødvendig å kjøpe nytt kvar gong lysta på fornyelse meldar seg. Dessutan kan du verkeleg gjer gull av loppisfunn. Med spraylakk får du verkeleg satt ditt personlege preg på interiøret ditt!

Nedanfor ser du lakkert tripp trapp stol i furu som har fått seg en skikkelig make-over :)

Krukker, rammer, lysestaker, stoler osv, her er det kun kreativiteten som kan begrense deg. Og omtrent alt kan sprayast, både behandla og ubehandla overflater - tre, metall, aluminium, glass, stein og forskjellige typar plastikk. Nedanfor har vi samla nokre eksempler, håper det kan vere til inspirasjon.

Forarbeid:

Det er viktig at overflata er rein, tørr og fri for feitt. Start med å evt skrape og slipe vekk gammal maling, lakk og rust. Vask deretter over med eit avfettingsmiddel, Nordsjø Forvask er suveren til dette formålet. Deretter puss over med sandpapir 120-180 korning, og tørk over med lofri klut fukta i rødsprit. På den måten får du fjerna alt pussestøvet.

Så kan du kjøre i gong med sprayinga. Vi anbefalar deg å gjer dette arbeidet ute, evt i ei garasje. Dersom du for eksempel har ei stor pappkasse, så er det supert å spraye tingen din oppi den. Husk også å bruke åndrettsvern/støvmaske, då spraylakk naturlegvis avgir gassar. Husk å riste boksa i 2 minutt før du startar.

Start med eit strøk primer; Motip Carat Primer. Dette forsikrar deg mot skjoldar, flekkar, dårleg heft eller at lakken flaknar. For plastikk er det ein eigen primer, Carat Plastic Primer. Primeren herdar på to timar.

Deretter påfører du to strøk med spraylakk i den fargen du ynskjer. Hald ca 25-30 cm avstand og ta tynne strøk slik at du unngår at lakken sig. Då blir resultatet som sprøytelakkert, glatt og fint. Lakken er støvtørr innan 5 min, dermed kan du kjøre på med andre strøk etter veldig kort tid. Plutseleg ferdig! Lykke til med ditt spraymalingsprosjekt! :)

Her ser du litt av fargeutvalet, sååå mange fine... Link til komplett fargekart

Sjå så fin denne korktavla blei i svart :)

Plastkasser som får seg ein svingom med Carat spraylakk under vårt prosjekt Høddvollbarnehagen.

Foto cred: @linebaksvaer

Importør av Carat spraylakk er Westing AS

#Caratspraylakk

bottom of page