Det finnast ein app for det meste. Ja, også for å sjå fargen på veggen din før du brukar ein einaste dråpe maling! Appen er gratis, heiter "Nordsjø Visualizer" og er både for smartphone og iPad i AppStore og GooglePlay.

Ved å bruke appen får du eit fargesettingsverktøy direkte i handa, klar til å teste eit hundretals fargar og sjå direkte på skjermen korleis veggane dine vert forandra. Teknikken «augumented reality» gjer det mogleg å sjå huset ditt "live" i forskjellige fargar. Den kan skille ut møblar og annan innredning frå veggane, og på ein gjennomført måte male rundt dei når ein flyttar sin smarttelefon eller iPad rundt i rommet. Det er raskt å veksle mellom ulike fargar, og det er også ein maskeringstapefunksjon til å dele opp veggen i ulike felt. Heilt genialt, rett og slett. Denne kan vi anbefale på det varmaste!