top of page

Ny fargekolleksjon - Fargar i vinden


Åhhh, som vi har gleda oss til å vise dokke dette! Ein nydeleg fargekolleksjon med utgangspunkt i dei nyyydelege velourgardinene du kan få hos A.Sævik. Først og fremst må vi få takke Åse Myklebust, Vivian Håkonsholm og alle dei andre flotte damene på A. Sævik i Fosnavåg som ville vere med på dette fantastisk kjekke og givande prosjektet. Resultatet har blitt såååå bra, og vi er så stolte! Dei tretten fargane har fått namn frå Beauforts vindskala, altså Stille, Flau vind, Svak vind, Lett bris, Laber bris, Frisk bris, Liten kuling, Stiv kuling, Sterk kuling, Liten storm, Full storm, Sterk storm og Orkan.

Ingelill, Valentina, Bente og Vivian. Vi anbefalar deg varmt å dra innom A.Sævik i Fosnavåg for å sjå på dei nydelege velourgardinene. Det er stort utvalg i fargar, og dei har ferdige høgder frå 2,20 til 2,80 samt at dei syr på målbestilling.

Ingelill og Åse viser fram nokre av fargane ilag med gardinene. Tenk så lekket å få matcha veggfargen med gardinene. Her snakkar vi lun atmosfære, heilt i tida! Dessutan er tekstilar eit suverent virkemiddel for å dempe lyden, som er ei utfordring for mange no, særleg nybygg med stor takhøgde og mykje akustikk..

Her ser du Liten storm, Sterk kuling, Stille som ein blågrønn palett. Og Lett bris, Orkan og Sterk storm som ein rosa/lilla pallett.

A. Sævik har også masse lekre puter. Sjekk den nydelege okerfarga puta som er ein uslåeleg kontrastfarge i sofakroken. Og som ifi.no skriver her, heilt "i tiden" - Varmt interiør med okergult i høst

Sjekk dei nydelege fargane..

Her ser du heile fargekolleksjonen, Fargar i vinden. Oppstrøksprøver er tilgjengelege i begge butikkane våre, og hos A.Sævik.

#Fargarivinden

bottom of page