top of page

Årets farge 2018


Kvart år samlast designekspertar frå heile verda for å diskutere utviklinga og fargevala innanfor interiørdesign, arkitektur, mote og større sosiale trendar. Alle desse perspektiva gjer at dei kan finne fram til eit tema som fangar opp tidsånda vi lever i, og nettopp den fargen som gjenspeiler den. Lite tilfeldig, med andre ord! Ekspertane fann ein sterk trend av forbrukarar som vil forvandle heimane sine, og gi eit utrykk som er ein slags retrett frå omverda. "Når livet går raskere, er det på tide å klikke på pause", seier Heleen Van Gent, kreativ sjef ved selskapets globale Estetik Center. "Vårt hjem må være en plass der vi kan skru ned lyden, der vi kan verne om vår egen verden og lade batteriene. Farge kan spille en viktig rolle når det gjelder å håndtere balansen mellom utsiden og vår indre ro.”

Og dette er altså årets farge 2018 frå Nordsjø, Heart Wood. Ein nydeleg grå-beige, varm farge med ein meir "voksen" rosa tona. Passar fantastisk til naturtre og lær, og eit eit etterlengta val for deg som ynskjer ein "omfavnande heim". I det heile tatt er fargen er ein god basisfarge skapt for å lage rom der vi skal lade batteriene og stenge omverdenen ute.

Innsikt frå omfattande forskning omkring sosiale-, økonomiske- og designertrendar, viser at vi lever i ei verd full av uforutsigbarhet, med tilgong til meir informasjon og fleire val enn nokon gong. No er det på tide å skru ned tempoet.. Saman med Heart Wood er det også laga ein tilhøyrande fargepallett. Fargane i Heart Wood-kolleksjonen er skapt for å gi oss muligheit til å stenge bråket ute, roe ned og lade batteria.

Her kan du lese kva ifi.no skriv om årets farge frå Nordsjø

PS: Vert du forvirra over "fleire årets farge"? Husk at årets farge vert kåra både av trendbyrå, moteindustrien og malings- og interiørprodusentar. Nordsjø er del av Akzo Nobel konsernet, som er verdas største malingsprodusent, og det er Akzo Nobel som har kåra Heart Wood til årets farge 2018. Vi har mala med Heart Wood i begge butikkane våre (bak kassadisken), velkomen innom for å sjå ;)

Her held Sigfred på å male bak kassadisken i vår butikk i Ulsteinvik.

Julianne malar opp eit av miljøa på Møbelringen Ulsteinvik med fargen Heart Wood.

Her er for øvrig årets farge 2017 frå Nordsjø, Denim Drift.

#Trendfargar

bottom of page