top of page

Blåtinden barnehage har fått fargen Blåtinden...


Fargevalet blei enkelt for Blåtinden barnehage på Haddal då dei skulle male fasada i vår. Sjå så fin fargen Blåtinden frå Havlandet i fargar er å bruke utandørs!

Styrar, Hilde Valland, er strålande fornøgd med Blåtinden på veggen. Engasjerte foreldre stilte opp på dugnad og mala. No trivast både små og store med fargen, og alle synest sjølvsagt at det er stas at fargen nettopp heiter Blåtinden.

Sjå så fint den blågrøne fargen sklir inn i dei flotte omgivelsane på Haddal med fjell og grønt terreng..

Flott flyfoto av Himmelhøgt v/ Joar Ødegård.

Forgråninga av Norge er eit fenomen, og då er det så flott at ein barnehage vågar å velge ein «farge-farge». Her kan du lese meir om korleis fargelaus arkitektur påverkar oss:

Fargeløs arkitektur gjør deg dum og trist

#Havlandetifargar

bottom of page