top of page

Heimebesøk og fargeveiledning


Ynskjer du fart på oppussingsplanane dine, men er usikker på korleis du egentlig vil ha det? Valgmulegheitene er mange, og det kan vere vanskeleg å bestemme seg for fargar og samansetningar som gir den harmonien som du ynskjer. Vår viktigaste oppgåve er å vise korleis ting og fargar kan henge saman i heimen din. Befaring er viktig for å sjå utgangspunktet, vurdere solforhold, møblar og interiøret ditt for øvrig. Vi hjelper deg gjerne med å bli bevisst på eigen stilretning, og basert på dine ynskjer utarbeidar vi ein collage med fargar, og evt tapet og golv. Ta kontakt med oss i butikken for heimebesøk, pris frå kr 898,- (1-2 rom)

Vårt beste tips når du skal fargesette eit rom er å ta tak i dei største flatene i rommet, som kjøkkenfrontar og golv. Sjekk også om kvitfargen på dører, lister og vinduskarmar er kald (klassisk kvit) eller varm (bomull/eggkvit). Dette legg nemleg føringar for fargepaletten din. Dersom du har møblar, bilder, tepper, gardiner eller liknande som du ynskjer å ha med deg vidare, ta også hensyn til dette i fargesettinga. Og som sagt, vi hjelper deg gjerne! :)

Fargesetting til nybygg på Hareid, nydelege ton-i-ton effektar satt saman av Cecilie Jevanord.

Eksempel på kundecase...

Vi hjelper deg gjerne å sette saman fargar og tapet som harmonerar :)

#Heimebesøk #Havlandetifargar #Fargeveiledning

bottom of page