I dagens Vikebladet kan du lese reportasja "Fargar skaper stemning", og vi viser også fram eit par bilder av "Havlandet-fargane". Faktum er at mange mange har mala med "Havlandet-fargane" sidan lanseringa av lokal fargekolleksjon i mars, ja, faktisk både innvendig og utvendig! Det er ikkje tvil i at vi bevegar oss no frå ei fargeepoke til ei anna. Den fargelause trenden med kvitt og grått er vi i ferd med å legge bak oss. No ynskjer vi stemning, kos og hygge i heimane våre. Ofte får vi spørsmål om kva fargar som er trendy akkurat no, og det er nettopp det som er så kjekt, at no er det eit stort stor spekter av fargar som er populære. Det handlar mest av alt om å finne den eller dei fargane som gir deg godfølelsen, og som gjenspeilar heimen din slik du synest at det er ein god stad å vere. Vi hjelper deg gjerne med å sette saman din fargepalett, og då tek vi utgangspunkt i kvar fargar du likar å omgi deg med, kva stemning du ynskjer i rommet, og kva rommet faktisk skal brukast til.. Skal du spise, jobbe, lære eller slappe av? Visste du forresten at vi søv best i blå og grøne omgivelsar? Det er fordi desse fargane har ei beroligande effekt, og som dei fleste responderar positivt på sidan det er fargane som vi kjenner frå naturen :)

Foto: Laila Lillerovde - Her ser du nydelege Barmen på veggen hos instagram-profilen @villalille.

Foto: Nina Gjede Fjesme - Fargen Mulevika hos instagram-profil @iskaffinina

Foto: Ole Terje Sukka . Soverom som har fått fargen Grasøyane.

Foto: Laila Lillerovde/@villalille Då @villalille mala veggen på kjøkkenet sitt i fargen Nautøya lot reaksjonane ikkje vente på seg. Bildet fekk meir enn 10 000 likes, og mange henvendelsar om fargenamn. Til og med ifi.no fanga opp Herøy-jenta sin teft for fargar og interiør - les artikkel Stor interesse for kjøkkenfarge

Fargen Kvitneset.

Fargen Svartskjæret

Her ser du Blåtinden barnehage som har måla fasada i fargen Blåtinden. Så kjekt at ein barnehage vel ein "farge-farge", og sjå kor fint blåfargen står til omgivelsane :)

Nymåla murhus på Flø som har fått fargen Flåvær :)

Dagens avisoppslag :)