top of page

Prosjekt Høddvollbarnehagen


We did it! Etter eit halvt døgn intens arbeid søndag 10. september kunne vi spasere ut hjerteporten på Høddvollbarnehagen med ein fantastisk godfølelse vel vitande om at vi faktisk klarte det. Ja, vi blei faktisk ferdig! Måndag morgen fekk born og vaksne seg ein real overaskelse. Og takknemlegheita og gleda i augene til store og små var så verdt kvar ein einaste arbeidstime.. Les kva Regionavisa skriv om saka - Lagde magisk stemning for borna

Det heile starta med at Agathe, som har vesle Marius i Høddvollbarnehagen, tok kontakt med styrar Kathrin Riise. Alle veggane i barnehagen var kvite/beige, og ved hjelp av Nordsjø Visualizer appen laga Agathe eit bilde som viste korleis gangen og eit av aktivitetsromma ville sjå ut med farge. Dette var seint ein laurdagskveld, og svaret kom morgonen etterpå: "Du må tru eg gjekk i sjokk i går kveld (i 50-årslag) når eg såg desse bilda.. før eg forsto at det ikkje var mala på skikkeleg :) Fargane var truleg litt for "knæsj", og gav Kathrin nok feil assosiasjonar, haha! Men likevel så fekk ho noko å tenke på...og maling og farge blei etterkvart eit tema blant Kathrin og dei ansatte i barnehagen.

I juni 2017 besøkte Agathe og Cecilie barnehagen for befaring, og veka etter kunne vi invitere Kathrin og Janne til butikken for presentasjon av fargebruk og løysingar.

Når vi då la fram dette, og itillegg tilbydde oss å ta på oss sjølve jobben, så var dette sjølvsagt noko som ikkje barnehagen kunne takke nei til. Bildet under viser Cecilie og Janne (sistnevnte representant frå barnehagen) som gjennomgår rom for rom, og løysingar med farge, maling, tapet og materialbruk.

Søndag 10 september var endeleg dagen då planane skulle settast ut i livet. Vi var heldige og fekk med oss eit par kollegarer frå Westing (systerbedrift til Kuling), så vi var totalt 8 menn og kvinner i arbeid. Ein arbeidsdag utenom det ordinære sto foran oss, men himmel så utruleg gøy!

Kreativ leiar for prosjektet, Cecilie Jevanord, starta med å gå gjennom løysingar og fordele ressursar på dei ulike romma. Førebuingane med vask og maskering, var blitt gjort i forkant, så her var det fram med rull og penslar.

Therese målar med fargen "Flåvær" frå Havlandet i fargar på minsteavdelinga i barnehagen. Herleg med farge på veggane..

Butikksjef, Ingelill, i aksjon på "stor-avdelinga" i barnehagen. Dette er fargen Nautøya frå Havlandet i fargar.

Sigfred og Renate

Gry og Therese

Cecilie og Agathe

Ingelill og Milo

Her går det unna!

Ved hjelp av maskeringstape kjem huset på veggen.. legg merke til filmmann Stian Stenersen som har foreviga heile seansen :)

Ein kvit reol blei som ny med fargen Blåtinden..

Gry målar med fine fargen Flåvær :)

Nydeleg fototapet frå Fantasi Interiør kjem på veggen...

Fototapet av motiv frå Ulsteinvik, fotograf er dyktige Bjørn Vegard Skoge. Tapeten er frå Borge Tapet.

Desse supre jentene altså.. snakk om arbeidsglede!

Prosjektleiar, Cecilie, instruerar Milo i korleis "cafe-rommet" skal utformast.

Ved bruk av teppeflis vert det ei flott sol på veggen. Perfekt også som lyddempar i barnehagen ;)

Maling, tapet og litt plankar - svusj, så fikk vi leikehytter på veggen. Nedanfor ser du bilder av det ferdig resultatet. Både før- og etter bilder. Ser du at det er dei samme romma? :)

Fargen Eika på veggane, og borda er måla med fargen Blåtinden.

Så glad blir man rett og slett av å pusse opp ein barnehage, dette var vannvittig gøy! Og vi er knallstolte av resultatet. Kjempekjekt med alle dei gode tilbakemeldingane frå både foreldre, ansatte og born.. nedanfor ser du ei av dei ;)

#Havlandetifargar #DIY #Høddvollbarnehagen

bottom of page