Med navneendring og ny logo tek vi sats, og kastar oss ut i bloggverden. Vi kjenner på at Kuling høyrer heime her! Vi har mykje på hjartet, og ynskjer å bruke dette foraet til å dele av våre erfaringar, og inspirere deg som har planar om å pusse opp eller bygge nytt! Med lidenskap for interiør, fargar og gode løysingar så ynskjer vi å gi deg massevis av inspirasjon!
Så kven er Kuling? Sidan vi overtok Hatløy Målarforretning i januar 2016 så kjenner dei fleste oss som Nordsjø Ide&Design Ulsteinvik/Fosnavåg som er namnet på fargehandelkjeda vi tilhøyrer. Det er dette vi har fronta oss som, til tross for at vi har behelde Hatløy-namnet. Men no er altså tida inne for å bevege oss over i ei ny epoke, der altså selskapet vert omdøypt til Kuling AS . Vi vil fortsatt være medlem i Nordsjø Ide&Design kjeda, men framover er det altså Kuling som i hovedsak vert vår merkevare.

Mange er kanskje nysgjerrig på kvifor vi valgte nettopp namnet Kuling. Vi held til på søre Sunnmøre der vi har butikk i Ulsteinvik og Fosnavåg. Og her er det stort sett mykje vêr . Mykje vêr og mykje vind. Kuling er dermed eit namn med lokalt særpreg. Det er noko vi alle er omgitt av, og faktisk det som eksteriørmalinga jobbar i mot. Å beskytte mot vind og vêr . Kuling er i slektskap med både vår systerbedrift Westing, og fargekolleksjonen "Havlandet i fargar". Vi er stolte av den flotte, nye logoen som vi synest beskriv oss på ein god måte– fargerik, sterk, solid og kreativ. Vi håper du også likar den! Det er Fantastiske Osberget som har designa herlegheita, all honnør til Åge Grimstad og gjengen der. Vi takkar for kjekt og godt samarbeid!

Skilt under produksjon av Furene

Vi håper du ynskjer å følge oss vidare, og ikkje nøl med å ta kontakt med oss for spørsmål eller kva som helst. Du er hjertleg velkomen til å besøk oss i Ulsteinvik, Sjøgata 71 eller Fosnavåg, Myklebustvegen 71.

Du finn oss i sosiale medier – Instagram @kuling.no og på facebook: www.facebook.com/kuling