Hausten 2016. Butikksjef, Ingelill, er verkeleg ein "racer" på blandemaskina. Kundar kjem inn, nokon har med seg ei stoffprøve, andre eit bilde. Ingelill fiksar fargen legg som ein plett. "Master tweeker" blei denne dama kalla i Canada, fordi ho blandar og justerar fargane manuelt. Meir eller mindre grått, meir gulaktig, mørkare, varmare osv.

Les artikkel i Vikebladet om Ingelill her - Heim frå Canade for å drive målarforretning

September 2016. Agathe var i ferd med å flytte inn i nytt hus. Ingelill ordna sjølvsagt fargane. Etterkvart som veggane blei malte, og folk kom innom begynte spørsmåla å kome: "Kva heiter fargen, Agathe?" .. då slo det oss.. fargane som Ingelill lagar må sjølvsagt ha eit navn... :) Det som skulle bli prosjekt "Havlandet i fargar" kom raskt i gong. Vi begynte å kaste ball på bakrommet i butikken i Sjøgata. Kva inspirerar oss når vi skal velge farge? Det er sjølvsagt mykje, men det koka ned i to faktorar. Instagram og naturen. Livet ute, og alle dei flotte fargane vi er omgitt av. Det heng egentleg godt saman. Når vi scrollar oss nedover på Instagram for å hente interiørinspirasjon, dukkar det til stadigheit opp bilder frå fjellturar og flotte solnedgongar. Det er noko spesielt med den storslåtte naturen vi har på søre Sunnmøre.

Ei av dei som inspirerte oss på Instagram var Laila Lillerovde som står bak instagram-profilen @villalille. Denne dyktige dama frå Herøy hadde på dåværande tidspunkt klart å skaffe seg meir enn 80 000 følgjarar på under eit år ved å dele interiørbilete frå heimen sin på Nautøya. Laila er ei stor inspirasjonskilde for mange, ho kan fargar og interiør, og kontoen hennar skil seg ut ved at ho har klart å skape sin heilt eigen stil. Og attpåtil er denne dama frå Herøy! Dette måtte vi gjere noko med! Etter ein telefonsamtale og ein kaffekopp på Madelynn var samarbeidet i gong. Det resulterte i tjue unike fargar som har fått namn etter vakre naturperler som gir oss gode assosiasjonar. Flø. Mulevika. Blåtinden. Skorpa. Rundebranden. Flåvær osv. Tenk å få gjenskape dei gode kjenslene naturperlene gir oss i en eigen farge! Magisk!

Som nevnt så vert nyheitsstraumen i sosiale medier blitt fylt opp med vakre solnedgongar, fjellturar og fantastiske naturbileter frå distriktet. Vi kjenner oss igjen i biletetekstar som: «Magisk og friskt i Mulevika i kveld» «Steik kor heldige vi e! #herburvifaktisk «Nydeleg solnedgong og utsikt mot Runde. Her er det godt å vere». Vi tok kontakt med nokre av fotografane bak desse bilda, som vi då fekk tillatelse til å bruke i forbindelse med prosjektet. Dette resulterte i nydelege fargepalettar satt saman med fotografia, som nettopp viser at fargane er henta frå naturen.
Sjå brosjyra/fargekartet til Havlandet i fargar
Vi får ei spesiell sinnstemning når vi opplever naturen på denne måten. Fargane gjer noko med oss, og har ein direkte påverknad på sinnet vårt. Fargane vi omgir oss med i naturen gjer oss rolege. Det kan ikkje vere tilfeldig at blått og grønt er dei to fargane som går igjen som fargefavorittar, det er himmel og hav, skog og mark. Vi synest det er flott med ei bevisstgjering omkring vårt forhold til fargar. Dei siste 15 åra har våre rimeleg fargelause, og kvitt og grått er ingen stemningsskaparar.


Her kan du lese kva Vikebladet skreiv om lanseringa av kolleksjonen.
Dette måtte feirast! Vi inviterte til lanseringsfest i Ulsteinvik 8. mars og Fosnavåg 16. mars. Det blei fullt hus, med totalt over 200 frammøtte. Butikkane blei omgjort til festlokale, og den raude løparen var rulla ut.

Butikken var rigga til med både scene og mikrofon for kvelden. Programmet var variert og innhaldsrikt, og tok føre seg både historia bak prosjektet og presentasjon av det nye, lokale fargekartet. Publikum fekk rådgjeving omkring kva ein bør tenke på når ein skal velge farge, korleis fargar påverkar oss og ein gjennomgong på det praktiske malingsarbeidet under mottoet «alle kan male». Alle ansatte i Kuling var på scena og snakka om ulike fagområder. Det seier litt om kva ekspertise vi har i butikken!

Fosnavåg..

Ulsteinvik...
Deretter fekk dei frammøtte høyre historia til Laila, frå å være ei lita "byggedagbok" til å bli ein av norges største Instagram-kontoar innan interiør. Ho fortalde om bakgrunnen for fargevala ho har teke og korleis ein kan lykkast med å skape sin eigen stil. Ho presenterte også fargane til Havlandet i fargar, og korleis desse harmonerar med trendbiletet i dag.



Dette var moro! I ekte Kuling-ånd klarte vi å gjennomføre. Vi sprang heile 100-meteren, som ein av leverandørane vår sa til oss. Vi er kjempestolte av Havlandet i fargar konseptet som no har også inspirert ei rekke andre butikkar i kjeda til å få til tilsvarande. Det er kjempestas for oss å kunne inspirere andre :) Kolleksjonen har fått stor merksemd i mediebildet, både lokalt, regionalt og faktisk nasjonalt. Vi var spesielt stolte då ifi.no skreiv denne artikkelen - "Hent farger fra naturen"

Ifi.no har også skrevet denne artikkelen om fargen Nautøya frå Havlandet i fargar
Til og med i bransjebladet Fargemagasinet blei det fire, fine sider om prosjektet, inkludert tema i leiarartikkel. Vi har vell lov å være litt stolte, ikkje sant?




Sunnmørsposten, mai 2017.