OM OSS

Kuling er ein lokal faghandel lokalisert i Fosnavåg. Vi har eit brennande engasjement for fargar og interiør, og ynskjer å hjelpe kundane våre med å realisere sine oppussingsprosjekt. Valgmulegheitene er nærmast uendelege, og det kan vere utfordrande å bestemme seg for fargar og samansetningar som gir den harmonien og heilheita som ein ynskjer. Vi trur at variasjonane skaper det gode interiøret, og vi rettleiar deg gjerne i jungelen av moglegheiter som finst innanfor maling, fargar, tapet, stilar, mønster og golv. Våre kjerneverdiar er inspirasjon, engasjement, kompetanse og estetikk, og vi håper du opplever at vi inspirerer deg – at vi har eit sterkt engasjement for ditt prosjekt - at du dreg nytte av vår kompetanse og at vi kommuniserer god estetikk både i butikkane og i det arbeidet vi gjer.

Velkomen til Kuling!


Kuling avd Fosnavåg - Myklebustvegen 71 - tlf: 700 10 220
Opningstider:

Mandag - fredag 10.00 - 17.00

Laurdag:             10.00 - 14.00

E-post: post@kuling.no