Havlandet i fargar
Den lokale fargekolleksjonen, Havlandet i fargar, blei for fyrste gong lansert våren 2017. Inspirert av vakre omgivnader og naturen på søre Sunnmøre utarbeidde Kuling i samarbeid med Laila Lillerovde tretti unike fargar med lokale stadnamn. Mulevika, Rundebranden, Flåvær, Teigetua, Skorpa med fleire blei raskt ein suksess.
-Havlandet i fargar har blitt eit lite eventyr for oss. Vi har fått massevis av henvendelsar frå heile landet, mykje mediemerksemd og det er ikkje tvil i at dei dempa og sofistikerte fargane har slått an hos mange, fortel butikksjef Ingelill Brekke.
Laila Lillerovde blei kontakta av Kuling hausten 2016 med bakgrunn i hennar interesse og lidenskap for fargar og interiør. Dette blei starten på eit inspirerande samarbeid med eit felles engasjement og oppfatning om at fargar gjer noko med oss.
Eksterne linker:

Skolma og Spelplassen hos @villalille