18/11/2019

Vi har fått kalkmaling frå Gjøco i butikken, åhhh den er så fin! Og så mange fine fargar! Vi har testa, og vil sjølvsagt dele våre erfaringar med deg :) Ingen tvil i at kalkmaling er populært, og glimrande for deg som ynskjer deg eit spennande uttrykk som minner om mur og betong.


Når du skal male med med kalkmaling er det viktig å stryke på krys og tvers med penselen. Husk at breidda på penslen har betydning for resultatet. Desto smalare pensel, deste meir fargespel. Lange strøk gir eit rolegare...

15/11/2019

Fekk du med deg sesongavslutninga på Eventyrlig Oppussing i går? Nok ein gong klarer Halvor Bakke og teamet hans å skape magi. Og likte du spesielt godt golvet i Oles rorbu? Bilda nedanfor talar for seg sjølv spør du oss :)

Dette golvet er fantastiske Maxwear, og fargen er Ek Smokey. Golvet får du kjøpt hos Kuling!


 

Dette er eit nydeleg golvmaterial med levande og flott treimitasjon! (Sjølv fagfolk trur faktisk at dette er parkett 🙊😊) Men dette er altså eit laminatprodukt med bakside av kork, o...

14/11/2019

Forrige veke var vi så heldige å få besøke vår lokale produsent Gjøco i Torvikbukt – midt mellom Molde og Kristiansund. Bedrifta er faktisk Norges nest største malingsprodusent, og har eksistert sidan 1940. Der har dei produksjon, lager, teknisk avdeling og hovudkontor. Vi fekk ei spennande omvisning av det som skjer bak kulissene på heile fabrikken av Robert Dørdal, vår Gjøco-representant.

Gjøco er ei heimekjær bedrift som også støtter godt opp i lokalsamfunnet med dagleg leiar Rolf Tage Gjøen...

01/11/2019

Vi gir bånn gass og styrkar vår posisjon ved å tre inn i Nordens største faghandelkjede innanfor farge og interiør, Happy Homes! Kjeda har 150 butikkar i Norge og Sverige, og vi har sterk tru på at medlemskap i denne faghandelkjeda vil gi Kuling større konkurransekraft - www.happy-homes.no


- Vi opplever at Happy Homes har eit sterkt kjedekonsept, med eit velutvikla apparat, som vil gi oss eit løft som faghandel. Kjeda er ambisiøs og framtidsretta, og er oppteken av å bygge sterke lokale butikkar...

10/10/2019

Er du i gong med eit oppussingsprosjekt og har tapet på ein del av veggane?  Mange spør oss om ein kan male direkte over tapeten, og svaret er ja, men med visse atterhald! :)

Fibertapeter, vinyltapeter og papirtapeter kan fint malast, men ikkje tekstiltapeter og gammeldagse "strå-tapeter". Merk deg at fibertapeter kan du male rett på, men vinyltapeter må grunnast med heftgrunn, og papirtapet må grunnast med spesialgrunning. 

Husk at malinga skjuler ikkje rifter, ujevnheiter, struktur osv. Så der...

04/10/2019

Nytt og ubehandla treverk treng rask behandling for at trevirket ikkje skal bryte ned og trekke til seg fuktigheit. Påvirkninga av været, altså sol og regn som bryt ned bindestoffet, skjer faktisk straks treverket kjem utandørs, derfor er det viktig å behandla panelet så raskt som muleg. Dersom det går meir enn ein månad før det vert behandla så må du stålbørste for å fjerne lause trefibre og smuss.


Kuling kan varmt anbefale Tinova Wood Base Oil som er ein impregneringsolje som trekkjer djupt in...

12/09/2019

Årets farge 2020 frå Nordsjø er Tranquil Dawn, ein mjuk og dempa grøngrå farge. Vi har den i vårt Colour Testar sortiment slik at du kan prøvemale heime!


Dette skriv Nordsjø i ei pressemelding:

I en stadig mer hektisk og digital verden, finnes det en sterk lengsel etter det mennesklige og den positive innvirkningen det har å ta vare på seg selv og andre. 2020 er begynnelsen på et nytt tiår – med muligheter for en ny start. Inspirert av den gryende himmelens flyktige skjønnhet, har Nordsjös farge...

06/09/2019

Hausten kjem smygande, og du har kanskje ikkje blitt ferdig med male eller beise ferdig huset? Fortvil ikkje, du har fotsatt tid til å få gjort det unna i år. Men ha i bakhaudet at stor temperatursvingingar mellom natt og dag fører til dogg ute. Det betyr at dersom du maler for seint eller tidleg på dag så kan det oppstå såkalla duggmatting – enkelt og kort fortalt, du får kondens/fuktigheit i malingsfilmen som kan forårsake stygge skjolder med mattare glans. Tips – mal midt på dag, slik at mali...

29/08/2019

Ei gammal kjøkkeninnredning kan bli som ny etter ein omgong med maling. Vi ynskjer å inspirere deg her med det lekre kjøkkenet til Anna Kubel - og ein enkel steg for steg guide ;)


1) Dekke til golvet med malarfint, fjern knottar og beslag

2) Vask med Nordsjø Original Forvask for å fjerne smuss og feittflekkar, tørk over med rein, våt klut og la det tørke.

3) Bruk eit fint sandpapir til å matte ned overflata - det er spesielt viktig dersom innredninga er malt eller lakka frå før.

4) Då er det klart...

20/08/2019

Tenkjer du at golvbelegg er berre praktisk og veldig kjedelig? Eller du hadde rett og slett ikkje tenkt på det som eit alternativ til badet, vaskeromet, gangen eller kjøkkenet?

I dag finst det så utruleg mange flotte design å velje i, og du har mulegheit til å tilpasse golvet til din eigen smak og stil - spreke fargar og spennande mønster, eller tidlause løysingar med betonglook, flislook osv. Kan også leggast på veggane! Sjå herlege inspirasjonsbilder under :)

 Gerbad frå Gerflor

 Gerbad frå Ger...

Please reload

Siste innlegg

November 18, 2019

October 10, 2019

Please reload

Arkiv
Please reload

Søk etter tags
Please reload

Følg oss
  • Facebook - Black Circle
  • Instagram - Black Circle